Østkanten Bluesklubb: Krom - plateslipp

Billetter kr 150,- / medlemmer kr 100,-. / 04.03.16 22:00 Del denne sidenDelta

Ett av de absolutt mest begavede nye og sultne rockabillybandene Norge har sett på svært mange år har spilt inn plate for første gang - den feirer de sammen med oss i Østkanten bluesklubb. Og bandet synger på norsk.

Krom er et nytt tilskot i den norske rockabilly/americana-floraaen. Bandet skil seg ut ved å bruke morsmålet i ein i all hovudsak amerikanifisert sjanger. Tekstlig forvaltar dei ein slags humrande sosialrealisme på baksida av rekkehustilværelsen. Musikalsk sneiar dei innom dei fleste sjangrane under roots-paraplyen, men med rotfeste i klassisk rockabilly.

Sjølv om Krom er ferskt som band har medlemmane etter kvart solid fartstid i musikkens tjeneste. Vokalist og gitarist Odd-Erik Lothe, har saman med gitarist Ståle Wick tilbrakt ein 15 års tid i førarsete på rockabillybandet Green Granadas. Lothe er også kjent som mannen bak viseorkesteret Fabel og det nye prosjektet LOTHE. På kontrabass med smell i strengane finn ein Frank Reiten, som foruten å vere ei ildsjel i rockabillymiljøet, har rukke å være innom ei rekkje band som Daltons, The Hard Rollin’ Daddies og Backyard Drifters. Bakerst på trommer finn ein hardtsvingande Morten Pisani. Til vanlig mest kjent som trommeslager i Beat Tornados.

foto: Dag Bøgeberg.