Herr Nilsen


Sudan Dudan

Kr 150,- / 19.03.12 21:00 Del denne siden

Sudan Dudan er møtet mellom Jotunheimen og Appalachene. Marit Karlberg og Anders Erik Røine har laga vakre og originale arrangement av norske folketonar, tydeleg inspirert av amerikansk old time musikk og vestafrikansk ørkenblues og er det nærmaste ein kjem Gillian Welch og David Rawlings på norsk!

Den nydelege stemma til Marit vert stilfullt pakka inn i kledelege arrangement for den noko uvanlege kombinasjonen gitar og langeleik. Saman med flotte koringar gjer dette Sudan Dudan sitt musikalske uttrykk til eit fullendt, akustisk og vakkert univers der gamle historiar om riddarar, prestar, fattigfolk og jomfruelege kongsdøtre vert gjort tidlause og like lite geografisk fastbundne som dei eingong var..

Sudan Dudan er hyggeleg og grusomt, nytt og gamalt, viritoust og enkelt, morosamt og trist…… Sudan Dudan er rett og slett grensesprengande tradisjonell musikk!

MARIT KARLBERG frå Valdres er dronninga på kombinasjonen langeleik og vokal i Noreg. Ho vekte fyrst merksemd som vokalist og arrangør i gruppa Dvergmål saman med Turid Spildo Nerdrum, Øyonn Groven Myhren og Jon Anders Halvorsen. Dei gav ut til saman to plater der ”Viser frå Blåberglandet” frå ’96 vart nominert til spelemannsprisen. Soloplata hennar ”Tre ord te de” kom ut i 2003”, og ho har medverka på fleire plater, m.a. Aasmund Nordstogas ”Ein visefugg”.

ANDERS ERIK RØINE er multiinstrumentalisten over alle innan norsk folkemusikk. Han trakterer gitar, banjo, mandolin, langeleik, fele, hardingfele, munnharpe og munnspel på høgt nasjonalt nivå og har medverka som musiker med storleikar som Little Steven, Odd Nordstoga og Espen Lind. Han står bak arrangementa og spelar dei fleste instrumenta på den kritikerroste plata ”Jarnetter” av Camilla Granlien band, og har vore produsent for eit titals folkemusikkplater for plateselskapet Ta:lik.

WEB:
http://www.sudandudan.com
http://soundcloud.com/sudandudan
http://onesheet.com/sudandudan/

Program

neste ti konserter

Onsdag 20.08.14 20:00

Magnolia Jazzband

Torsdag 21.08.14 21:00

Christianssand Ensemble

Fredag 22.08.14 22:00

Hot Turkey

Lørdag 23.08.14 22:00

The Drive

Mandag 25.08.14 21:00

Ninjabeat

Tirsdag 26.08.14 21:00

TirsdagsJammen

Onsdag 27.08.14 20:00

Atle Nymo trio "Way Out West"

Torsdag 28.08.14 21:00

Sweet Marie

Fredag 29.08.14 22:00

Blueskollektivet: Vinnere av Union Bluescup 2014

Lørdag 30.08.14 16:00

SWO4

Hele programmet