Ni Liv

Kr 250,- / 24.01.15 22:00 Del denne siden

Ni Liv er eit countryrock-band frå Bø¸ og Midt-Telemark. Musikken ligg i landskapet i og rundt sjangerane amerikana, countryrock og folkrock. Gruppa spelar originale låtar med teksar på dialekt, nærare besemt Bø-dialekt. Dei har sidan starten i 2003 spela over 300 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 7 album. Plata Langhelg frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa.

Bandet har vore lista på P1´s spelelister heile 11 gonger. Låtar som Håkken e du, Det var den gong, Kastanjehår, Merkeband, Gruble i kor og Ikkje spør blir framleis jamnleg spela på norgeskanalen og andre riksdekkande radiostasjonar.
I 2013 feira bandet sitt 10-årssjubileum, og slepte konsertplata «Ein kveld med Ni Liv». Den inneheld 17 liveversjoner av tidligere utgitte låtar i tillegg til live-hiten Late Jon. 28. februar, 2014, kom bandets siste studioalbum - «Leva meg opp».