Storm Weather Shanty Choir

Kr 250,- + avg. / 24.08.18 22:00 Del denne siden

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong! På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs.

Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg.

SWSC har gjeve ut fem plater sidan oppstarten, kjem med si sjette plate i løpet av 2016 og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar, mellom anna med Odd Nordstoga og dei fekk sjølve med seg legenda Dave Cloud, frontfiguren i bandet The Gospel of Power, til å spela inn The Drunken Sailor.

Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor. SWSC får ein travel konserthaust med klubb og festivaljobbar i inn og utland og ser veldig fram til å returnere til fantastiske Herr Nilsen der me har den gledelege tradisjonen av å spele for utsolgt hus!

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar
Ronny Sætre - baryton og perkusjon
Rune Nesse - bass og perkusjon
Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin»
Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar
Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel

Program

neste ti konserter

Onsdag 20.06.18 20:00

Stina Stenerud Monica Z tribute

Torsdag 21.06.18 21:00

TORA
Supp: Caterina

Fredag 22.06.18 22:00

National Cash

Lørdag 23.06.18 16:00

Asle Røe trio

Lørdag 23.06.18 22:00

Draken

Søndag 24.06.18 20:00

Søndagsjammen: Sesongavslutning!

Mandag 25.06.18 21:00

The Contenders

Onsdag 27.06.18 20:00

Lars Erik Gudims Orkester m/ Majken Christiansen

Torsdag 28.06.18 21:00

Dei Nye Kapellanane: Saloon #5
Gjest: Jon Øystein Flink
Support: Flinkini

Fredag 29.06.18 22:00

Licking the Moose

Hele programmet