Crazy Moon

kr 200,- / 25.05.16 20:00 Del denne siden

Guro Gravem Johansen - vokal
Torgrim Sollid - trompet
Håkon Storm-Mathisen - gitar
Sebastian Haugen - bass

Jazzkvartetten Crazy Moon dyrkar det akustiske og intime uttrykket, og eit kollektivt improvisatorisk samspel innanfor klåre musikalske rammer. Sidan våren 2015 har kvartetten konsentrert seg om repertoar frå musikalen West Side Story (Leonard Bernstein/Stephen Sondheim).

Crazy Moon har eksistert som kvartett sidan 1998 med Torgrim og Guro i spissen, med varierande personell på gitar og bass. Musikarar som Carl Morten Iversen, Bjørn Kjellemyr og Roger Arntzen har alle veksla på bassjobben, medan gitaristane Jon Eberson og Håkon Storm-Mathisen båe har vore medlemmar i kvar sine periodar. Alle desse har over tid medverka til å utvikle kvartettens uttrykk.

Kvartetten sitt særpreg har heile tida vore formidling av jazzen sitt mainstream-repertoar. Gjennom konsentrasjonen om det improviserande og trommelause samspelet der alle fire stemmene blir likeverdige, har kvartetten søkt å få fram den emosjonelle krafta i dette repertoaret, som ofte blir sett på som klisjéfylt og simpelt.

Når vi gjennom prosjektet West Side Story forsøker å gjere Bernstein sin musikk til vår, inneber det å forme låtene i det akustiske, intime og improviserande uttrykket kvartetten har som sitt varemerke. Våren 2015 har Crazy Moon begynt innspeling av materialet saman med teknikar og produsent Thor Bjørn Neby, og i august same år hadde vi konsertpremiere med repertoaret ved Fossekleiva kultursenter i Sande i Vestfold.

West Side Story (WSS) blei uroppført på Broadway i 1957, og var banebrytande på mange vis. Handlinga i musikalen WSS bygger på skodespelet Romeo og Julie av William Shakespeare. I likskap med originalen er plottet ei kjærleikshistorie med eit tragisk utfall, men i WSS utspeler handlinga seg i eit gjengmiljø på Upper West Side av Manhattan. Rammefortellinga dreier seg om spenningar mellom to ulike etniske grupper, høvesvis det puertorikanske innvandrarmiljøet og ungdomar som er 2. generasjons europeiske innvandrarar. Båe gruppene har ein underdog-posisjon i samfunnet, der arbeidsløyse og sosiale utfordringar pregar kvardagen. Når ei sosial gruppe er under hardt press oppstår eit behov for å hevde sin etniske identitet, og gjengen The Jets og puertorikanarane vender seg derfor med fiendskap mot kvarandre. Når det oppstår kjærleik mellom Maria og Tony (Anton) frå kvar sitt etniske miljø, er det ei sosial uakseptabel kryssing av etniske grenser som får dramatiske konsekvensar.

Musikalen si tematisering av innvandring, etnisitet, identitet, ære, verdigheit og forsøk på å overskride sosiale motsetnader og spenningar er høgst aktuell i verda i dag. Musikalen gjer oss moglegdom til å sjå på våre eigne haldningar og oppfatningar om slike temaer i samtida vår.

Musikken Bernstein var representerte noko heilt nytt på 1950-talet, gjennom sterke musikalske referansar til storband-jazz og latinamerikansk musikk innanfor musikalformen. Både i Broadway- og filmversjonen frå 1961 var dans eit handlingsberande element, og det er kanskje på grunn av dette elementet at musikken overvegande er sterkt rytmisk. Dei rytmiske elementa tar Crazy Moon med seg som inspirasjonskjelde inn i våre versjonar, og tilbyr eit rikt materiale for oss å leike med.

https://www.facebook.com/events/784025921732328/