Famn

Kr 100,- / 07.10.13 21:00 Del denne siden

Gruppa Famn har spelt saman sidan høsten 2008 og er eit møte mellom folkemusikk, jazz, pop og vise-sjangeren. Famn legg vekt på å få fram det melodiøse ved musikken, samt eksperimentere med meir nyskapende musikalske arrangement hvor harmonier, rytmikk og underbygging av tekstlig innhold er i fokus.

Stamma for repertoaret er hovedsaklig henta frå Lajla Buer Storli og John Ole Morkens kjernerepertoar, Lajla sitt frå Hardanger og John Ole sitt frå Trøndelag. Famn har også teke tak i lite bruka tekstar og melodiar, som fortjener å komme fram i ljoset. I tillegg har det etter kvart blitt skrive orginalmateriale av fleire av gruppemedlemma. Etter lang tid med øving hadde Famn sin debutkonsert i Oslo i mars 2011, etterfulgt av ein opptreden på Riksscna for folkemusikk i mai 2011. I oktober 2011 hadde de sin debutturné på Vestlandet i Hardanger etterfulgt av en turné i Sør- Trøndelag i mars 2012.
Famn fokuserar på å skape og formidle god musikk, gi gode musikalske opplevingar, bevare tradisjonane i norsk folkemusikk, samt gjere folkemusikken tilgjengelig for eit større publikum og vidare utforske konsekvensane av møtet mellom dei forskjellige sjangrene.
Så langt har responsen fra publikum vært svært bra og Famn har nesten utelukkende spilt for fulle hus. Planen for 2013 er å spelle fleire konsertar og gi ut album.
Litt om medlemma i Famn:
Lajla Renate Buer Storli Lajla har jobba med folkemusikk frå ho var lita jente, og har bruka hardingfela og songen i mange samanhengar i inn- og utland. Knut Hamre er hennar fremste læremeister på Hardingfele. Ho har arbeida mykje med tradisjonsmusikk frå Hardanger, men har i den seinare tid også fått inspirasjon frå andre tradisjonar og sjangrar. Ho møter publikum gjennom personleg utrykk og formidling av tonar som betyr mykje for ho. Gjennom fleire år, har Lajla undervist ved ulike kurs i landet. Ho har også jobba ved fleire av kulturskulane i Hardanger. Ole Bull Akademiet nyttar henne som kursleiar og pedagog. Under Landskappleiken på Voss i 2010, song Lajla seg opp i eliteklassa A vokal, og er med det rekna som ein av Noregs fremste folkesongarar. For tiden jobber Lajla med sin fyrste plateutgeving på plateselskapet Grappa. Ho er også dagleg leiar for Hauekliseterfestivalen. Meir om Lajla, sjå: http://www.myspace.com/lajlarenatebuerstorli
John Ole Morken Felespelar som har drive aktivt som utøvande musikar dei siste åra og er no busett i Åmot i Modum. Han har jobba spesielt mykje med å dokumentere folkemusikken i Gauldalen i Sør-Trøndelag, noko han har motteke prisar og stipend for. Han gekk hausten 2011 i gang med eit bokprosjekt om folkemusikken frå sin eigen heimstad. Mykje av det han har samla inn brukar han i konsertsamanheng. Han legg vekt på personleg formidlig og vil la publikum ta del i toneverda hans. Han er nytta som kursholdar rundt om i Noreg og er også mykje nytta til undervisning ved Ole Bull Akademiet. Han har også vore delaktige på fleire plater og ga i 2008 ut eiga soloplate som vart nominert til Spellemannsprisen. Våren 2012 var John Ole solist på Gisle Kverndokks opera ”Den Fjerde Nattevakt” som felespelar ved den Norske Opera og Ballet. Meir om John Ole, sjå: http://www.johnole.no, http://www.myspace.com/johnolemorken
Christian Stähler Christian er ein norsk pianist med fordjupning i jazz, men jobbar også innan dei fleste andre sjangrar. Han har dei siste åra studert ved Høgskolen i Staffeldtsgate og avslutta sine studiar der våren 2011. For tida studerer han Praktisk, pedagogisk utdanning på Barratt Due
musikkinstitutt. Christian har dei siste åra vore aktiv som pianist, korleiar, arrangør og kapellmeister ved ein rekke teater- og revyoppsetninger, samt generelt som freelance musiker. Christian jobber også som pianolærar. Utanom Famn spelar Christian i Sigrun & The Kitchen Band. Han har også jobba med blant anna Heine Totland og Mia Gundersen. Christian kan beskrivast som ein allsidig pianist med spesiell sans for klang, groove og sårheit. Han er også ein dyktig arrangør/komponist og står bak mange av arrangementa til Famn. Meir om Christian finn du på: http://www.stahler.no/christian
Daniel Løset Kristiansen Bassist frå Fredrikstad som dei siste åra har markert seg som ein av dei lovande bassister i Østfold. Daniel har vore aktiv i mange jazzorkestre og det siste prosjektet er «The Livin' Jazz Orchestra» som kan vise til stor suksess det siste året. Hans hovedfelt er jazz, men har også erfaring frå pop/rock, vise/akustisk, klassisk og soul/funk. Daniel har si utdanning frå Høgskolen i Staffeldtsgate og NMH, og har mellom anna hatt timar med den kjende bassisten Sondre Meisfjord og Jens Fossum. Daniel held no på med ein master i Musikkterapi ved NMH.
Glenn Skoglund Ask Perkusjonist/trommeslager frå Gjerdrum med brei erfaring frå ulike sjangre som blues, rock, jazz, funk, vise, pop, metal og latinamerikansk med meir. Glenn har i fleire år jobba som lærar ved Gjerdrum kulturskule og som freelance arbeid som trommeslager. Høsten 2012 fekk Glenn stillinga som avdelingsleiar ved trommeavdelingen på 4SOUND Schous Plass og jobbar no fulltid der ved siden av å vere freelance musiker. Med si store allsidigheit spelar han i fleire ulike band og prosjekter som gjer konsertar over heile austlandet. Han har si utdanning frå Høgskolen i Staffeldtsgate, der han mellom anna hadde timar med trommeslagarene Torstein Lofthus og Hermund Nygård. I 2007 medverka Glenn som trommeslagar i oppsetninga ”Jungelboken,” i Frognerparken Oslo, saman med elevar frå Noregs Teaterhøgskule og skodespelarar kjend frå film og tv i Noreg. Glenn kan beskrivast som ein som spelar trommer og ikkje slår på trommer.

- Så tak det roleg og vent på at musikken kjem sigande og tek imot deg i si eiga famn -