Aasmund Nordstoga ” Friaren”

kr 190,- / 09.11.10 21:00 Del denne siden

Kan den gamle, norske viseskatten gjerast aktuell og ”moderne”? Javisst, var svaret Aasmund Nordstoga ga med ”Ein visefugg”, ein cd som fekk så vel musikkjournalistar som det platekjøpande publikum til å sperre øyrene opp. ”Burlesk”, ”underfundig”, ”sprelske arrangement”, kunne ein lese etter lanseringa.

Nå er storebror Nordstoga på ferde igjen. Med ”Friaren” går han enda djupare inn i den folkemusikalske arven, og Abildsø Spelemannslag følgjer opp med ”strengeleik” av aller beste merke og med heilakustiske arrangement som kling som skreddarsydd til Nordstoga og visene hans. Resultatet blir ein visebukett med stort trykk og mykje energi, men på same tid med plass til det mjuke og varsame, som i voggevisene.

Det meir og helst mindre vellykka frieriet går att i fleire av songane, og cd-en er i seg sjølv eit regelrett publikumsfrieri, vedgår artisten:

- Sjølvsagt vil eg først og fremst underhalde - utan å gå på akkord med eigne musikalske ideal. Så når vi stiller på konsertscenen, frir vi meir enn gjerne. Eg vil svært gjerne få publikum til å syngje med, og ”Friaren” har kanskje ein enda større allsongfaktor enn forgjengaren. Truleg sit fleire av songane, Prøysen og Jens Gunderssen så vel som fleire av folkevisene, enno fast i det norske, kollektive medvitet.

Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge har arrangert musikken og signert produksjonen, og som på ”Ein visefugg” kan ein også på ”Friaren” gle seg over at Aasmund Nordstoga har henta inn aktive utøvarar frå folkemusikkmiljøet, som Gunnhild Sundli som syng vakkert med i barnevisa frå Rissa (”Katta satt ’pund ommen og spann”). Men ikkje bare frå den yngre garden. Høyr berre Birgit Rike Lund frå Setesdal i avslutningsvisa ”Vinden rider høyt på sky”.

Cd-en er spela inn i Rainbow Studio med meisteren sjølv, Jan Erik Kongshaug, ved spakane.

Aasmund Nordstoga - vokal
Ingvild Lilletvedt Nordstoga - piano
Åsmund Reistad - gitarer / mandolin