Ni Liv

Kr 150,- / 11.10.11 21:00 Del denne siden

Nytt album: Langhelg!

Ni Liv har laga sin eigen sjanger. Den sjangeren heiter Telemarkana. Telemarkana betyr amerikansk og norsk folkeleg musikktradisjon i stolt samspel. Den amerikanske rootsmusikken og singer/songwriter-tradisjonen har lenge inspirert låtsmed Solberg, og han har særleg sans for folkerockerane Steve Earle og Bruce Springsteen. Solberg er i tillegg flaska opp på Alf Prøysen, Evert Taube, Vømmøl Spellmannslag, Knutsen og Ludvigsen, Lillebjørn Nilsen og Jan Eggum. På Hallingspark har Ni Liv finne sin eigen sound og sitt eige musikalske uttrykk: Rockegitar og munnharpe, hammondorgel og langeleik, heilnorsk countryrock presentert på Telemarks-dialekt.  

Ni liv er:
Jon Solberg : song, gitar, fele og banjo
Eivind Aase : trommer og koring
Knut Olav Sandvik : bass og koring
Terje Meisingset : tangentar, trekkspel og koring
Jan Birger Akerhaugen : gitar, banjo og koring

Program

neste ti konserter

Hele programmet