Foto: Per-Åge Eriksen

Petter Wettre kvartett

kr 100 (kr 50 m/ettermiddagskonsert) / 12.04.08 kl 21:00 Del denne siden

Petter Wettre - tenorsaksofon, Kim Johannesen - gitar, Anders Christensen (DK) - bass og Anders Mogensen (DK) - trommer

Etter å ha kasta ein brannfakkel i fjor om at det kjem ut for mange jazzplater i Norge, er Spellemann-nominerte Petter Wettre årets førstemann ut.

Petter Wettre opnar jazzåret 2008 med solid album.

«Appetite for Structure» er etterfølgjaren til fjorårets Spellemann-kanditat «Fountain of Youth», med ein kontant bassintro av Anders Christensen til eit like kontant opningsspor på 49 sekund. Rett på sak, og det kunne ha vore opninga på eit Coltrane-album, slik trommeslagar Anders Mogensen opna Coltrane-tributten «Fountain of Youth», som var eit musikalsk statusoppgjer for førtiåringen Wettre. Det var også første del av eit kvartettprosjekt, som det samtidig innspela nyttårsalbumet er eit framhald av.

Utgangspunktet er Wettres «danske» trio som han i 2002 spela inn albumet «Love In Copenhagen» med, og som han har samla på ny, med den unge gitaristen Kim Johannesen som forrykande fjerdemann. Etter oppteljinga mi er dette Wettres trettande album sidan triostarten med «Pig Virus» i 1996 med Ingebrigt Flaten og Jarle Vespestad. Den første Spellemannprisen vann han for eit duoalbum med Per Oddvar Johansen. Sidan har han utforska alle format, og med sitt tette, pågåande ensemblespel held bandet bak «Appetite For Structure» verkeleg koken frå start til mål, ikkje minst med glitrande soli frå gitarist Johannesen som bonus. Vel fem timar i studio var nok står det – slik det ofte var når dei store, historiske jazzaugneblinkane vart skapte. Med «Appetite For Structure» har Petter Wettre lagt lista høgt.

Program

neste ti konserter

Hele programmet