Storm Weather Shanty Choir

Storm Weather Shanty Choir


Fredag 23.08.19 Kl. 21:00 / Kr. 300,- / Billett

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå
Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm
Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum
hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong!
På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs. 

Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle
som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum
og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste
sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a.
Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland
og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast
her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg. 

SWSC har gjeve ut fem plater sidan oppstarten, kjem med si
sjette plate i løpet av 2016 og har også medverka på ei mengd andre
utgjevingar, mellom anna med Odd Nordstoga og dei fekk sjølve med seg legenda
Dave Cloud, frontfiguren i bandet The Gospel of Power, til å spela inn The
Drunken Sailor.  Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på
spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor. SWSC får
ein travel konserthaust med klubb og festivaljobbar i inn og utland og ser
veldig fram til å returnere til fantastiske Herr Nilsen der me har den
gledelege tradisjonen av å spele for utsolgt hus! 

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar

Ronny Sætre - baryton og perkusjon 

Rune Nesse - bass og perkusjon

Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin»

Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar

Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel

Youtube (NRK Sommeråpent) "Drunken Sailor": https://www.youtube.com/watch?v=li3Wc__fGx4

Youtube frå Japan: https://www.youtube.com/watch?v=UVp1E03EjXU 

FB: https://www.facebook.com/shantychoir/?fref=ts

Lignende: