Fabel 07

kr 100,- / 27.05.08 21:00 Del denne siden

Fabel vart stifta i 1995, og fekk ein solid start på karriera med singelen ”Jordbær og grasbrann”, ein solid radiohit same år. Seinare har bandet gjeve ut fire kritikarroste album. To gonger har NRK sitt program Norsk på norsk, kåra Fabel sine utgjevingar for ”Årets album”. Fabel sitt forrige ”Smil”, vart belønna med terningkast 5 i både VG, Dagbladet og Aftenposten.

Fabel07 gav i fjor sommar ut eit kritikarrost album breddfullt av oppfinnsom, fengande solskinnspop. Med sine lyriske tekstar på uforfalske nordfjordmål, tonesette frontfigur Odd-Erik Lothe draumen om å lage eit album i ånda til sine heltar Brian Wilson, Burt Bacharach og Gilbert O´Sullivin. Med seg på laget har han sin makker Torbjørn Ellingsen på tangentar, samt bandet beståande av:
Knut Aafløy; bass og kor
Ståle Søndrål Wick; gitar og kor
Jan Erik Reknes; Trompet og kor
Øystein Bergsvik; Trommer

Program

neste ti konserter

Hele programmet