Dei Nye Kapellanane: Saloon #7
Gjest: Polkabjørn

Kr 220,- / 14.03.19 21:00 Del denne siden

Polkabjørn (Bjørn Tomren) er Norges fremste jodlar og strupesongar, i tillegg til å ha landets djupaste bassrøyst. Saman med trekkspelfantom Kleine Heine varma han opp for a-ha, på avskjedsturneen i 2010. Han har også både padla rundt heile norskekysten og gått Norge på langs, frå Lindesnes til Nordkapp. Her serverer han klassisk jodling, klassisk strupesong og klassisk popmusikk saman med Dei nye kapellanene.

Dei nye kapellananes SALOON, er ein stad for musikalske eksessar og funderingar om dei store spørsmåla i livet. Saloonen er ein arena med det legendariske bandet og deira musikalske og litterære betraktningar, samt ein æresgjest som vil stå i ein utfordrande kontrapunktisk relasjon til orkesteret. Dei nye kapellanane er ei gruppe som er forsøkt avvikla fleire gonger men som faen ikkje gjer seg. Gruppa speler populærmusikk på nynorsk. Gruppa blei stifta i 1992.

Besetning:
Trygve Åslund Aschehoug, Ragnar Hovland forfattar, Lars F Beckstrøm deLillos, Jørn Mortensen Penthouse Playboys, Arnt Maasø Universitetet, + Martin Hystad Universet