
Kvartetten er eit sammarbeid mellom pianist og nestor i Norsk jazz gjennom mange tiår, Dag Arnesen (72), og den noko yngre saxofonisten og vinner av Vossajazzprisen, Elisabeth Lid Trøen (30). Med seg på laget har dei to av landets fineste jazzmusikere, Ole Marius Sandberg(46) og Sigurd Steinkopf (24). Bandet turnerer med aktuelle bestillingsverket " New paintings of jazz". Verket er skrive på bestilling til Vossajazz, Jazzfest i Trondheim og Oslo jazzfestival 2022, av Elisabeth Lid Trøen for Trøen Arnesen kvartett, med støtte frå Norsk Komponistforening.
Trass i store forskjeller i alder har desse fire musikararne samla seg rundt ein felles kjærleik for jazztradisjonen. Dag og Elisabeth har jobba tett saman med dette prosjektet sidan 2017, og utarbeider ein stadig sterkare felles visjon for korleis akkurat denne kvartetten skal låte. I kryssingspunktet mellom Arnesens folketoneinspirerte uttrykk, og Trøens kraftfulle Blue note inspirerte sound, skapes eit musikalsk univers som er heilt unikt for denne kvartetten.
Konserten arrangeres i samarbeid med Oslo Jazzforum.