Twang Gang

Kr 150,- / 05.03.11 22:00 Del denne siden

Voss er for mange mest kjent som ei tungvektsbygd for folkemusikk, Vossajazz og olympiske medaljesankarar. Snakkar me om rock’n’roll er det imidlertid berre ein ting som gjeld:

Erlend Styve – gitar og song, Jan Eirik Gullbrå – ståbass og Bjørne Møen – trommer, har sidan starten i 2000 spelt Noreg på kryss og tvers mange gonger. Mange venner har dei også fått, og det er neimen ikkje rart. Twang Gang spelar klassisk rockabilly/country, og gjer det direkte frå hjarterota. Makan til hardtslåande, swingande, tidlaus, humørfylt og festleg rock’n’roll skal du leita lenge etter. Gløym "Walk the Line", Twang Gang er ei fullgod erstatning, og dei er HER OG NO!
Twang Gang live leverer ei utsøkt blanding av eigne låtar og velvalte cover, alt framført i Vossagutane sitt originale og naturlege uttrykk. Bandet sin eigen "Gates of Graceland" (som Styve skreiv på flyet heim frå USA etter pilegrimstur til Memphis) glir uanstrengt inn i lag med f.eks. "Burnin’ Love". Twang Gang legg eit alternativt ”take” i coverlåtane, samtidig som deira eigne låtar forsterkar biletet av eit leikent og humørfylt rock’n’roll-band som ikkje på død og liv må halde seg til originaloppskriftene. Musikken rettar seg mot både hjarte og bein og får fart på begge.
Twang Gang sitt debutalbum, "Listen, It's the Twang Gang" kom i 2004 og inneheld 14 originaleTwang Gang komposisjonar. Med gode anmeldingar i baklomma og solid liveerfaring, har bandet vorte proppa av sjølvtillit og virkar ute av stand til "ikkje å levera", som det heiter i Idolsjargongen.
Med det siste albumet, ”Bandar Abbas Express” (Reel Noise Records, 2007), viser bandet seg i frå ei endå friskare side og slepper seg verkeleg laus. Nye 14 låtar som svingar så det held.
Fingerspiss-kjensla for den lausslupne rocken sit som støypt. Musikken skapar gode vibrasjonar – han pustar og pulserar – rockar og rular. Dette er ærleg, med beina på bakken og masse sjarm. Twang Gang er summen av alt som er moro i rockehistorien.